Epsomitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Epsomitt, òg kalla epsomsalt, engelsk salt eller bittersalt, er eit fargelaust til kvitt mineral som består av vasshaldig magnesiumsulfat, MgSO4·7H2O. Det krystalliserer rombisk. Mineralet er lett løyseleg i vatn.[4] I tørr luft kan det miste éit molekyl krystallvatn og gå over til heksahydritt. Det finst naturleg som utblomstringar (efflorescensar), i avsetninger frå mineralkjelder og ved fumaroleaktivitet, og dessutan i saltførekomstar. Saltet vart første gongen framstelt i England av N. Grew i 1695 av mineralvatn frå kjeldene i Epsom, og mineralet har fått namn etter denne staden. Saltet vart tidlegare brukt som avføringsmiddel, ved etterbehandling av tekstil (appretur), i gjødsel, badesalt og meir.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads