Epstein-Barr-virus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Epstein-Barr-virus
Remove ads

Epstein-Barr-viruset (EBV) eller menneskeherpesvirus 4 (HHV-4) er eit herpesvirus som infiserer meir enn 90 % av folkesetnaden i verda. Viruset kan valda ymse kreftformer, som Hodgkin-sjukdomen og Burkitt-lymfom. Det valdar òg kyssesjuke.[1][2] EBV-viruset infiserer i hovudsak B-seller og epitelseller, men kan òg infisera naturlege drepeseller, T-seller og seller i glatt muskulatur. EBV-virus kan sitja latent i seller i kroppen, ute av rekkjevidda til immunsystemet, og slik skipa ein livslang infeksjon.[3]

Kjappe fakta
Thumb
Forenkla diagram av Epstein-Barr-viruset

Epstein-Barr-viruset er mellom dei potensielle faktorane som kan bidra til multippel sklerose (MS) med sterkast prov. Over 99 % av alle MS-pasientar mot kring 94 % av kontrollar er vortne infiserte med EBV.[4]

Epstein-Barr-viruset vart oppdaga i 1964 av britiske Anthony Epstein, PhD-studenten hans Yvonne Barr og kollegaen hans Bert Achong. Viruset er namnsett etter to av desse.[2][5]

Remove ads

Genom

Viruset har eit dobbelttråda DNA-genom på kring 172 kilobasar, noko som er høvesvis stort for eit virus. Det kodar for kring 85 gen, men genomet varierer ein del frå virusvariant til virusvariant. EBV-viruset vert delt inn i to hovudtypar basert på skilnader i genet for Epstein-Barr-virus-sellekjerneantigen 2 (EBNA-2), nemleg type 1 (EBV1 eller EBV A) og type 2 (EBV2 eller EBV B).[6][7][8]

Sekvenseringar av delar av genomet til EBV-viruset vart utgjevne i 1982, og den fyrste heile genomsekvensen i 1984. Alle desse sekvenseringane var av EBV1-varianten B95-8. Den fyrste heile genomsekvensen til eit EBV2-virus vart utgjeven i 2006 og var av varianten AG876.[6][7][8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads