Eratosthenes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eratosthenes
Remove ads

Eratosthenes (gresk Ἐρατοσθένης, fødd kring 276 f.Kr i Kyrene, død 194 f.Kr) var ein gresk geograf, matematikar og astronom. Han var òg bibliotekar ved biblioteket i Alexandria.

Kjappe fakta

Eratosthenes er mest kjend for utrekningane sine av omkrinsen til jorda. I ei handskrift kom han over ei opplysning om at i Syene (no Aswan) stod sola slik på himmelen ved sommarsolkverv at ein stolpe ikkje kasta skugge, og sollyset vart reflektert av vatnet i djupe brønnar. I Alexandria var det skugge midtsommars, og han trekte dermed den konklusjonen at jorda måtte vere rund, som Pythagoras hadde trudd 300 år tidlegare.

Gjennom meir nøyaktige målingar av lengda til skuggen, i lag med avstanden mellom byane (som han leigde ein mann til å skritte opp), kom han fram til at radiusen til jorda var 5000 stadium. Lengda av ein stadium er ikkje sikkert kjend, men ein trur at det var 600 greske fot, som tilsvarar 157 meter. Dersom dette er riktig, er verdien Eratosthenes kom fram til for jordomkrinsen 39 250 km. I dag veit ein at omkrinsen er 40 007 kilometer (over polane), og dette viser at Eratosthenes kom særs nær dagens verdi, med ein feilmargin på berre 2 %.

Eratosthenes utvikla òg Eratosthenes' sil, ein metode for å finne primtal.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads