Alexandria

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alexandria
Remove ads

Alexandria (arabisk الإسكندرية, romanisert Al-Iskandarīyah) er den største hamnebyen og den nest største byen i Egypt. Han ligg i Nildeltaet nord i landet, og er eit viktig transport- og industrisenter, men er også kjend som badeby og turistmål.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alexandria (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Soge

Alexandria er oppkalla etter Aleksander den store, som grunnla han i 332 f.Kr. nær fiskarlandsbyen Rhakotis. Byen blei bygd rundt ei naturleg hamn som blei kunstig utvida. Byen fekk stor tilflytting av grekarar og jødar. I 305 f.Kr. gjorde Ptolemaios I Soter Alexandria til hovudstaden for riket. Byen voks seg større enn Karthago, og blei ein av dei største byane i den hellenistiske verda.

Alexandria var kjend for to av verdas sju underverk, det store biblioteket og fyrtårnet sitt. Biblioteket var ein del av forskingssenteret Mouseion, som Alexandria var vidkjend for. Her verka mellom anna matematikarane Euklid, Heron og Hypatia. Den eldste greske omsetjinga av Gamletestamentet, Septuaginta, blei utført i byen på 200-talet f.Kr.

Byen var lenge eit stoppepunkt på handelsruta mellom Europa og Asia. Etterkvart som sjøfart tok over mista han denne stillinga, men opninga av Mahmudiyya-kanalen og Suez-kanalen på 1800-talet gav støytet til ny vekst.[2]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads