Eric Flaim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eric Joseph Flaim (fødd 9. mars 1967) er ein USA-amerikansk skeiseløpar frå Pembroke i Massachusetts som vart verdsmeister i firkamp i Alma-Ata i 1988.
I løpet av ein månad vinteren 1988 tok Flaim medalje i olympiske leikar, og i verdsmeisterskapaen i firkamp og i sprint. Det tok til fyrste helga i februar med bronseplass i sprint-VM i West Allis i delstaten Wisconsin i USA. To veker seinare gjekk han inn til sølvmedalje på 1 500 meter under Vinter-OL 1988 i Calgary, bak austtyske André Hoffmann. Fjorten dagar etter overraska Flaim stort og kunne stige øvst på sigerspallen då VM i firkamp på Medeo-bana i Alma-Ata var over.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eric Flaim» frå Wikipedia på nederlandsk, den 1. november 2016.
Bakgrunnsstoff
- «Eric Flaim». olympedia.org. Henta 24. januar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads