Erica Alfridi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Erica Alfridi (fødd 22. februar 1968) er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Tregnago i Verona-provinsen. Ho vann sølv i kappgang ved EM 1998 og bronse ved EM 2002.

Kjappe fakta

Aktiv

Alfridi meisterskapsdebuterte internasjonalt med ein femteplass i VM 1997. Året etter kneip ho sølvmedaljen på 10 km ved europameisterskapen i Budapest, sekundet framom Susana Feitor frå Portugal og fem skundar attom gullvinnaren, hennar eiga landskvinne Annarita Sidoti.

Frå 1999 tevla dei kvinnelege kappgjengarane i 20 kilometer. Her vart Alfridi nummer seks i VM 1999 og nummer fire både i Sommar-OL 2000 og VM 2001. I september 2001 vann ho distansen under Mellomhavs-leikane i Rades i Tunisia, der ho og landskvinna Elisabetta Perrone på andreplass fekk same tid. Alfridi avslutta internasjonalt med å vinne bronsemedaljen på 20 km då europameisterskapen 2002 fann stad i München.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads