Erik Brofoss
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erik Brofoss (21. juni 1908–7. mai 1979), fødd i Kongsberg, var ein norsk økonom, jurist og politikar som representerte Arbeidarpartiet.
Remove ads
Erik Brofoss vart cand.jur. i 1931 og cand.oecon. i 1938. Han blei knytt til Londonregjeringa i 1942.
Erik Brofoss blei statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering, den reine Arbeidarpartiregjeringa, frå 5. november 1945. 6. desember 1947 tok han over Handels- og skipsfartsdepartementet, og blei handelsminister, eit departement han sjølv foreslo oppretta.[1] Dette statsrådsvervet hadde han også i Oscar Torp si regjering frå 19. november 1951 til 2. juni 1954. Han var også bestyrande statsråd i Industridepartementet i tida 18. mai 1953 til 14. september 1953.
Då Brofoss gjekk ut av regjeringa blei han sentralbanksjef i Norges Bank. Han gjekk av i 1970, då han blei direktør for det internasjonale pengefondet (IMF), der han var til 1973.
Brofoss hadde stor innverknad på den økonomiske politikken som blei ført etter 2. verdskrigen. Han var særleg oppteken av realøkonomi - det vil seie at produksjonen skulle vere grunnlaget for levestandarden, ikkje pengane.[2]
I unge år var Brofoss ein talentfull friidrettsutøvar. I 1928 tok han NM-sølv på 100 meter etter ha sprunge på 11,1. I 1930 deltok han i friidrettslandskampen mot Sverige på Bislett stadion. Den personlege rekorden hans på 100 meter var 10,8, noko som framleis er klubbrekord i Kongsberg IF.[3]
Remove ads
Kjelder
Erik Brofoss hos Stortinget.no
- Denne artikkelen bygger på «Erik Brofoss» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2010.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads