Erlitoukulturen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erlitoukulturen (forenkla kinesisk 二里头文化, tradisjonell kinesisk 二里頭文化, pinyin Èrlǐtóu wénhuà) er ei arkeologisk nemning på ein tidleg bronsealderkultur som heldt til rundt Huangelva i Kina frå rundt 1900 til 1500 f.Kr.[1][2]) Ei radiokarbondatering utført i 2007 har ført til eit foreslege smalare tidsspenn, frå 1750 til 1530 f.Kr.[3]


Remove ads
Namn og utbreiing
Namnet kjem frå det arkeologiske feltet i storkommunen Erlitou i byfylket Yanshi i Henan-provinsen. Kulturen strekte seg godt utover i det som i dag er provinsane Henan og Shanxi, og gjorde seg seinare òg gjeldande i Shaanxi og Hubei. Det er mogleg at Erlitoukulturen utvikla seg frå Longshankulturen. Dei fleste kinesiske arkeologar reknar med at Erlitou er hovudsetet for Xia-dynastiet, men dei fleste vestlege arkeologar er ikkje overtydde om at det er ein slik samanheng mellom Erlitoukulturen og Xia-dynastiet, ettersom det ikkje finst direkte lenkjer mellom dei, som skriftlege kjelder.[4][5][6]
Remove ads
Kjenneteikn og leivningar
Fortidsleivningane i Erlitou blei oppdaga av Xu Xusheng i 1959, og denne funnstaden er blitt verande det største utgravingsområdet som kan knytast til Erlitoukulturen. Funna er spreidde ut over eit område på 3 km². Det er funne palassbygningar og verkstader for tilverking av bronse. Erlitou monopoliserte produksjonen av bronsekar for rituell bruk, og dei eldste kjende ding-kara er frå denne kulturen.[7]
Etter at Shang-dynastiet voks fram gjekk det kraftig tilbake med Erlitou, men staden blei verande folkesett òg i den første fasen av Shang-tida.
Remove ads
Sjå òg
- Erligangkulturen
- Sanhuangwudi
- Xia-dynastiet
Galleri
- Bronse med turkisarbeid frå Erlitoukulturen
- Jue (vinkanne) av bronse frå Erlitoukulturen.
- Ding (kar) på tre føter
- Bronseding
- Bronsebjølle
- Dekorert uue (våpen)
- Symbol på keramikkskår funne ved Erlitou.
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads