Erskinebreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erskinebreen er ein isbre som er 16 nautiske mil lang og ligg på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Breen flyt vest og ut i Darbel Bay nord for Hopkinsbreen. Han vart først kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1946–47, og namngjeve «West Gouldbreen». I lag med East Gouldbreen vart han rapportert å fylle ein tverrgåande dal over Graham Land, men etter meir nøye landmåling i 1957 synte ein at det ikkje var noko topografisk samanheng mellom dei to. Namnet Gouldbreen vart avgrensa til den austlege breen, og eit heilt nytt namn, etter Angus B. Erskine som leia den første gruppa frå FIDS ned breen, har sidan vorte godkjend for den vestlege breen.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads