Ervik kyrkje

kyrkje i Selje kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Ervik kyrkje
Remove ads

Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, òg kalla St. Svithuns minnekapell, står i ErvikaStadtlandet i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1970.[1]

Thumb
Plasseringa til Ervik kyrkje
Thumb
Frå kyrkjegarden i Ervika
Foto: Frode Inge Helland
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kyrkja vart reist til minne om forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen. Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943, og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet. 78 vart berga medan 50 miste livet. Kyrkja vart sett opp til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom.[1] Skipsklokka frå «Sanct Svithun» heng i kyrkjetårnet saman med ei klokke frå 1844. Inni kyrka er det fleire minne frå skipet, mellom anna ein skipsmodell og fløyta frå skipet. Det heng òg ei minneplate der med namna på dei 50 som omkom.[1] Ankeret ligg utanfor kyrkja.[2]

Teikningane til kyrkja vart laga av Arnstein Arneberg og Olav Platou. Kyrkja har sitjeplassar til 150 personar. [1]

Gudshuset hadde status som kapell fram til 1997, då vart området eige kyrkjesokn med Ervik kyrkje som soknekyrkje.[1]

Remove ads

Kyrkjegarden

Det har vore gravstad i Ervika sidan før 1550. Truleg var det sjøfararane som hadde drukna på Stadthavet dei fyrst byrja å gravleggje der. Ei segn fortel at nokre portugisiske sjømenn var dei fyrste som vart gravlagde i Ervika. Selje-presten kom i eldre tid til Ervika ei gong om året for å jordfeste dei som var vorte gravlagde der gjennom året.[1]

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads