Ess-dur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

E-dur eller Ess-dur er ein durskala som består av tonane E♭, F, G, A♭, tonen B, tonen C og D.

Ess-dur-skala

Parallelltonearten er c-moll og varianttonearten er E-moll.

Ess-dur vert ofte assosiert med modig, heroisk musikk, delvis på grunn av måten Beethoven brukte han på. Hans Eroica, Keisarkonserten og Grand Sonate er alle i denne tonearten. Sjølv før Beethoven identifiserte Francesco Galeazzi ess-dur som «ein heroisk toneart, ekstremt majestetisk, alvorleg og seriøs, i alt dette er han overlegen C-dur»[1]

Tre av hornkonsertane til Mozart og Joseph Haydn sin kjende Trompetkonsert er i ess-dur, og det same er Anton Bruckner sin fjerde symfoni, der han nytta mykje horn i førte sats. Eit anna kjent stykke i ess-dur er Richard Strauss sin Ein Heldenleben (Eit helteliv). Det heroiske temaet frå Jupiter-satsen av Holst sin Planetane er i ess-dur. Mahler sin heroiske åttande symfoni er i ess, og hans andre symfoni enda òg i same toneart.

Ess-dur vart ikkje berre nytta for bombastisk musikk med blåseinstrument. Ess var tonearten Haydn oftast nytta i strykekvartettane sine, ti i alt.[2]

Remove ads

Kjende musikkverk i denne tonearten

  • Johann Sebastian Bach
    • Cello Suite nr. 4 i Ess-dur, BWV 1010
  • Ludwig van Beethoven
    • Symfoni nr. 3 i Ess-dur, Op. 55 «Eroica»
    • Pianokonsert nr. 5 i Ess-dur, Op. 73 «Keisaren»
    • Piano Sonate nr. 26 i Ess-dur, Op. 81a «Les Adieux»
  • Alexander Borodin
    • Symfoni nr. 1[3]
  • Frédéric Chopin
    • Nocturne i Ess-dur, Op. 9 nr. 2
    • Grande Valse brillante Op. 18
    • Andante spianato et Grande Polonaise brillante i Ess-dur, Op. 22
    • Nocturne i Ess-dur, Op. 55 nr. 2
  • Ludovico Einaudi
    • Primavera av Divenire
  • Gustav Mahler
    • Symfoni nr. 8

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads