Estados-øya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Estados-øyamap
Remove ads

Estados-øya (spansk Isla de los Estados, 'Delstatane si øy') er ei argentinsk øy i øygruppa Eldlandet, 30 km aust for Storøya i Eldlandet. Administrativt ligg øya under den argentinske provinsen Eldlandet. Øya er ikkje busett, men den argentinske marinen har ein aktiv marinebase på øya. Mannskapet på basen består av fire marinesoldatar.[1]

Kjappe fakta Isla de los Estados, Geografi ...
Thumb
Øya ligg lengst til høgre på kartet.

Urfolket på øya er yamanafolk, som budde på øyane sør for Storøya før europearar kom til regionen.[2]

Øya heimstad for store koloniar med pingvinar – magellanpingvin, klippehopparpingvin og kongepingvin – og sel.[1]

Det blei opna eit fyrtårn på øya 25. mai 1884, San Juan del Salvamento, betre kjent som Faro del fin del mundo eller ‘Fyret ved verdas ende’. Det skal ha inspirert Jules Verne si bok Le Phare du bout du monde, som kom ut i 1905.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads