Esther

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Esther
Remove ads

Ester og Esther er kvinnenamn av hebraisk gjennom persisk opphav. Det er avleidd frå det hebraiske ordet sitareh, 'stjerne'. Namnet er også blitt knytt til gudinna Ishtar. Ester har namnedag den 24. mai.

Thumb
Presidentdottera Esther Cleveland.
Thumb
Esther Mujawayo, rwandisk forfattar.
Foto: Manfred Werner

Ester har ulike former i mange språk, til dømes irsk Eistir, russisk Esfir/Jesfir, fransk Estée, polsk Estera, finsk Esteri, ungarsk Eszter og engelsk Hester. Det har kortformer som engelske Essie, Esta, Etty og Hettie, og ungarske Eszti.

Namnet er særleg knytt til den bibelske dronning Ester, som har ein viktig plass i jødisk tradisjon, og er eit utbreidd jødisk namn. Det har hovudsakleg blitt brukt blant kristne sidan reformasjonen.

I USA blei namnet populært etter presidenten Grover Cleveland fekk dottera Esther i 1893.

Remove ads

Namneberarar

  • Ester Horn (1902-1993), norsk humanetikar
  • Ester Ringnér-Lundgren (1907-1993), svensk barnebokforfattar
  • Estée Lauder (1908–2004), opphavleg Josephine Esther Mentzer, USA-amerikansk forretningskvinne
  • Ester Boserup (1910–1999), dansk økonom
  • Esther-Marie Wiig (1913-2007), norsk journalist
  • Esther Williams (f. 1921), USA-amerikansk skodespelar
  • Esther Brand (f. 1924), sørafrikansk høgdehoppar
  • Esther Marie Kostøl (f. 1936), norsk fagforeningsleiar og politikar
  • Esther Ofarim (f. 1941), israelsk songar
  • Esben Esther Pirelli Benestad (f. 1949), norsk transvestitt
  • Esther Reiss (f. 1954), norsk regissør og dramaturg
  • Esther Mujawayo (f. 1958), rwandisk forfattar
  • Esther Maria Bjørneboe (f. 1971), norsk kunstnar
  • Ester Workel (f. 1975), nederlandsk roar
  • Ester Stølen (f. 1975), norsk skøyteløpar
  • Esther Cremer (f. 1988), tysk sprintar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads