Et uus saaks alguse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Et uus saaks alguse» (estisk for Så det kan verte ein ny start) var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på estisk av Birgit. Songen er skriven av Mihkel Mattisen og Silvia Soro.
Remove ads
Remove ads
Eesti Laul 2013
Birgit sendte inn den estiskspråklege songen «Et uus saaks alguse» til Eesti Rahvusringhääling (ERR) og vart valt ut til å delta i Eesti Laul 2013, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget enda fyrst på femteplass i semifinalen, men gjekk vidare til finalen der han vann og fekk representere Estland.
Eurovision Song Contest 2013
I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Estland i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på tiandeplass med 52 poeng; åtte frå Irland, seks frå Sverige, fem frå Russland, Kviterussland, Moldova og Italia, fire frå Nederland, Litauen og Storbritannia, tre frå Austerrike og eitt frå Danmark, Ukraina og Belgia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 13. plass med ei rangering på 10,06 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på åttandeplass med ei rangering på 7,47. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg til finalen 18. mai 2013 der dei enda på 20. plass med 19 poeng; ti frå Latvia, seks frå Finland og tre frå Litauen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget 24. plass med ei rangering på 19,59 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 16. plass med ei rangering på 13,41.[1] På scena hadde Birgit med seg Kaido Põldma, Lauri Pihlap og Raimondo Laikre som støttevokalistar. Põldma og Pihlap var òg støttevokalistar for Estland då landet vann i 2001.
Remove ads
Format og sporliste
- Digital nedlasting[2]
- «Et uus saaks alguse» - 3:57
Listeplasseringar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Et uus saaks alguse» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads