Etherow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Etherow
Remove ads

Etherow er ei elv i Derbyshire og Stor-Manchester i England, Ho er ei sideelv til Goyt, og er 30 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 77,7 km². Den øvre dalen til elva blir kalla Longdendale. Elva danna tidlegare grensa mellom dei historiske grevskapa Cheshire og Derbyshire.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Elveløpet

Elva har utspringet sitt på Featherbed Moss like over grensa til South Yorkshire, og ho renn herfrå ned i Longdendale, der ho passerer gjennom Longdendale Chain, ei rekkje på seks reservoar som vart bygd på slutten av 1800-talet for å sikre vassforsyninga til Manchester og Salford. Nedanfor reservoara passerer elva Tintwistle og Hollingworth og fortset mot sørvest til ho munnar ut i Goyt ved Brabyns Park nær Marple. 6 km nedstraums frå munningen til Etherow renn Goyt saman med Tame og dannar elva Mersey.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Thumb
Etherow i Hollingworth
Thumb
Etherow ved Woodhead i Longdendale
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads