Eto ne ljubov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eto ne ljubov (russisk: Это не любовь) er eit musikkalbum av det russiske bandet Kino frå 1985. Alle songane er skrive av frontfigur Viktor Tsoj. Den sovjetiske regjeringa gav berre stønad til musikkgrupper dei tykte om, og rock vart generelt lite likt. Kino måtte derfor klare seg utan stønad, og vart lite nemnd i massemedia, som i hovudsak var styrt av regjeringa. Derfor slo berre albumet an i undergrunnsrørsla i dåverande Leningrad, sjølv om albumet var meir popprega enn det førre albumet, Natsjalnik Kamtsjatki. Kino flytta seg litt bort frå mørk postpunk og Joy Division-aktig rock til lettare poprock songar ala The Smiths. Særleg tittelsporet, «Eto ne Ljubov», og «Ukhodi» er som snytt ut or nasa på Morrissey og Johnny Marr. Andre songar som «Ver Mne» hellar meir i retning mot The Cure, medan «Sasja» er meir 60-talsinspirert med sitt baklengskomp.

Meir informasjon Kino-kronologi ...
Remove ads

Innhald

  1. «Это не любовь» (Eto ne ljubov Dette er ikkje kjærleik)
  2. «Весна» (Vesna Vår)
  3. «Уходи» (Ukhodi Gå vekk!)
  4. «Город» (Gorod By)
  5. «Это — любов» (Eto - ljubov Dette er kjærleik)
  6. «Ты выглядишь так несовременно» (Ty vygljadisj tak nesovremenno Du ser så umoderne ut)
  7. «Я обьявляю свой дом...» (Ja objavljaju svoj dom... Eg erklærar heimen min...)
  8. «Саша» (Sasja)
  9. «Верь мне» (Ver mne Tru meg)
  10. «Дети проходных дворов» (Deti prokhodnykh dvorov Barn av dei opne bakgardane)
  11. «Музыка волн» (Muzyka voln Musikk frå bølgjene)
Remove ads

Medverkande

  • Viktor Tsoj - Vokal og gitar
  • Jurij Kasparjan - Gitar
  • Aleksandr Titov - Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads