Notsj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Notsj er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1986. Etter at rock meir eller mindre var forbode i Sovjetunionen, endra det heile seg då Gorbatsjov kom til makta og introduserte glasnost og perestrojka. Det vart ikkje lenger lagt band på rockegrupper, og dei fekk lov til verte skrivne om i media og vist på fjernsyn. Dette nytte Kino godt av, og Notsj vart det første albumet som nådde ut til dei store massane, særleg etter at Viktor Tsoj, frontmann i Kino, framførte songen «Khotsju peremen» (‘Eg vil ha endringar’) på fjernsyn i 1986. Denne songen er derimot ikkje med på dette albumet, men kom med på filmmusikken til filmen ASSA i 1987.
Etter det meir popprega Eto Ne Ljubov frå året før tok Kino her eit steg tilbake til meir postpunk-prega musikk, og er innom stilartane til både The Cure (t.d. «Filmy») og Talking Heads (t.d. «Tanets» og «Zvjozdy ostanutsia zdes»)
Seks av songane på albumet kom med på samlealbumet Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR i USA i 1986.
Remove ads
Innhald
- «Видели ночь» (Videli Notsj — Me har sett natta)
- «Фильмы» (Filmy — Filmar)
- «Твой номер» (Tvoj nomer — Telefonen din)
- «Танец» (Tanets — Dans)
- «Ночь» (Notsj — Natt)
- «Последний герой» (Poslednij geroj — Den siste helten)
- «Жизнь в стёклах» (Zjizn v stjoklakh — Livet i eit vindauge)
- «Мама-анархия» (Mama-anarkhija — Mor Anarki)
- «Звёзды останутся здесь» (Zvjozdy ostanutsia zdes — Stjernene vert verande her)
- «Игра» (Igra — Eit spel)
- «Мы хотим танцевать» (My khotim tantsevat — Me vil danse)
Remove ads
Medverkande
- Viktor Tsoj - Vokal og gitar.
- Jurij Kasparjan - Sologitar og korist
- Aleksandr Titov - Bassgitar
- Georgij Gurjanov - Trommer og korist
- Igor Butman - Saksofon
- «The Young Brothers» - Korist
- Andrej Tropillo - Fløyte og korist
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads