Europameisterskapen på skeiser 2012
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Europameisterskapane på skeiser 2012 for menn og for kvinner vart avvikla i Budapest i Ungarn dagane frå 6. til 8. januar. 29 menn og 23 kvinner frå 18 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Latvia, Polen, Romania, Russland, Spania, Sveits, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn.
Noreg stilte med tre menn: Håvard Bøkko, Kristian Reistad Fredriksen, Sverre Lunde Pedersen, Simon Spieler Nilsen, og tre kvinner: Hege Bøkko, Mari Hemmer og Ida Njåtun. Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen var dei beste norske, på høvesvis tredje- og sjuandeplass.
Sven Kramer vart europameister for femte gong, han var også best på dei tre lengste distansane. Polske Konrad Niedźwiedzki gjekk fortast av alle på 500 meter. Nederlendarn Jan Blokhuijsen vart nummer 2 samanlagt og Håvard Bøkko nummer 3. På kvinnesida forsvarte Martina Sáblíková frå Tsjekkia meistertittelen for andre gong, etter å ha vunne dei tre lengste distansane. Landskvinna Karolína Erbanová sigra på 500 meter.
Remove ads
Skeise-EM 2012, menn
Dato: 6.-8. januar
500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Remove ads
Skeise-EM 2012, kvinner
Dato: 6.-8. januar
500 meter
3 000 meter
1500 meter
5 000 meter
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Europese kampioenschappen schaatsen 2012» frå Wikipedia på nederlandsk, den 19. november 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads