Eva Kristin Andersen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eva Kristin Andersen (fødd 7. juni 1972) er ein norsk lokalpolitikar og tidlegare ordførar i Fredrikstad for Framstegspartiet. I 2007 vart ho fyrste kvinnelege ordføraren i byen.[1] Ho er fødd og oppvaksen på Torp, og utdanna diplomøkonom frå Handelshøyskolen BI. Ho vart vald til gruppeleiar i Fredrikstad Fremskrittsparti i 1999.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Ho gjekk i 2007 til val på ynsket om å bygge ny sjukeheim, løyse trafikksituasjonen i Fredrikstad utan bompengar og å fjerne eigedomsskatten.[2] Ved valet i 2011 gjekk FrP attende med over 17 prosentpoeng i Fredrikstad og miste ti av sytten representantar i kommunestyret, og ordførarvervet.[3]

Remove ads

Gensersaka

Andersen vart landskjend i norske aviser i 2007 etter at Fredriksstad Blad trykte ein artikkel med eit bilete av henne iført ein genser frå motorsykkelklubben Bandidos, ei gruppe som politiet karakteriserer som eit organisert kriminelt miljø. I etterkant vart det ei stor sak der Andersen og partikollegaene hennar hevda at biletet var manipulert.[4] Ekspertar frå Interfoto meinte på andre sida at biletet ikkje var manipulert, då det ikkje hadde nokon teikn på å vere redigert.[5] I ettertid sa Andersen at ho hadde handtert saka dårleg, og at ho hadde vore uklar i det ho hadde sagt. Andersen har heile tida halde fast på at biletet ikkje var ekte. Dette fekk ho også støtte for frå partisekretæren til Framstegspartiet, Geir Mo. Saka var tema på et folkemøte i Fredrikstad,[6] og vart også handsama i bystyret,[7] men fekk ingen konsekvensar for virket hennar som ordførar. Bystyregruppa til Framstegspartiet i Fredrikstad valde å ikkje ta opp saka internt.[8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads