Evelyn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Evelyn er eit namn som i dag ofte blir rekna som eit kvinnenamn, men har også vore brukt som slektsnamn og mannsnamn. Evelyn har norsk namnedag den 3. oktober.

Avleiing

Evelyn blei opphavleg danna som eit engelsk slektsnamn avleidd av det normanniske kvinnenamnet Aveline. Dette namnet kan vera avleidd frå gammalsaksisk ava, 'styrke, makt', eller Avila, med ukjend tyding. Namnet blei først teke i bruk som førenamn for menn, før det nesten heilt gjekk over til å bli eit kvinnenamn. På engelsk blir namnet uttalt [i:vlin].
Evelyn kan også vera ei anglifisering av det irske Aibhilín/Éibhleann, truleg 'utstråling, venleik', som også kan stavast som Evlin.
Andre skrivemåtar for kvinnenamnet er Evelyne, Evelynne, Eveline og Eveleen. Evelina, ei diminutivsform av Eva, kan også reknast som ei avleiing av namnet.
Remove ads
Bruk i kulturen
Evelyn Innes er namnet på ein roman av George Moore frå 1898.
Namneberarar
Kvinner
- Evelyn Jane Sharp (1869–1955), engelsk forfattar og kvinnesaksforkjempar
- Evelyn Underhill (1875–1941), engelsk forfattar
- Evelyn Scott (1893–1963), amerikansk forfattar
- Evelyn Reed (1905–1979), amerikansk filosof og kvinnesaksforkjempar
- Evelyn Herbert (1898–1975), amerikansk songar, fødd Evelyn Hostetter
Menn
- Evelyn Baring (1841–1917), engelsk diplomat, statsmann og koloniadministrator, Lord Cromer
- Evelyn Waugh (1903–1966), engelsk forfattar
Slektsnamn
- John Evelyn (1620–1706), engelsk forfattar
Kjelder
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Evelyn», A Dictionary of First Names, Oxford University Press
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads