Everyday av Slade

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Everyday» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1974 som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira Old New Borrowed and Blue. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder, bassisten Jim Lea og kona hans Louise Lea (ikkje oppført), og produsert av Chas Chandler. Songen nådde tredjeplassen på den britiske singellista og låg sju veker inne på singellista.[1] Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i april 1974 berre tre dagar etter han kom ut.[2][3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 2013 vart songen ytta i ein britisk reklamefilm for nettbrettet Nexus 7. Som følgje av dette gjekk songen inn att på den britiske singellista seint i november og nådde 69. plassen som følgje av digital nedlasting.[1]

Songen var piano-dominert, noko som var ein uvanleg stil for Slade, og bandet visste at dei tok ein risiko.[4]

B-sida til singelen var «Good Time Gals», som òg kom ut på albumet Old New Borrowed and Blue.[5] Bandet framførte songen to gonger på musikkshowet Top of The Pops og på Clunk Click.[6][7] Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.[8]

Remove ads

Innhald

7"-singel
  1. «Everyday» - 3:05
  2. «Good Time Gals» - 3:28

Salslister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...
Meir informasjon Liste (2013), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • I 1992 spelte den finske skodespelaren og songaren Samuli Edelmann inn songen for albumet Yön valot under tittelen «Enkeli». Den finske musikaren Kari Kuivalainen skreiv den finske teksten.
  • I 2005 gav det engelske hardrockbandet The Quireboys ut ein versjon av songen som B-side til singelen «Tears in Heaven».[18]

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads