Everything I Own

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Everything I Own» er ein song skriven av David Gates og spelt inn av bandet hans Bread i 1972 for albumet Baby, I'm a Want You.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Bread-kronologi ...

I følgje boka 1000 UK #1 Hits av Jon Kutner og Spencer Leigh skreiv Gates songen som ei hyllest til faren med setningar som «You sheltered me from harm, kept me warm, gave my life to me, set me free».[1]

Bread-innspelinga nådde femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Billboard rangert songen på 52. plass for 1972.[2]

Remove ads

Boy George-versjonen

Meir informasjon B-side, Boy George-kronologi ...

Versjonen av Boy George nådde toppen av UK Singles Chart i to veker i mars 1987, og vart den første hitten hans som soloartist.[3] Det var òg den første solosingelen hans etter han gjekk frå bandet. Versjonen hans var meir lik Ken Boothe-versjonen i reggae-stil, og minnar noko om den tidlegare hitten til Culture Club, «Do You Really Want to Hurt Me?». Songen nådde òg toppen av listene i fleire land, som Canada, Italia, Noreg og Sør-Afrika, og topp 10 i enno fleire land.

Boy George spelte songen mange gonger på konsertane sine. Han spelte inn songen akustisk (kalla Hippy Trippy Mix) og gav han ut på den amerikanske CD-singelen «Everything I Own», i 1993. Han vart òg gjeven ut i ein dub-versjon for plateboksen Culture Club 2002.

Remove ads

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt inn songen er Shirley Bassey, The Connells, Jack Jones, Ken Boothe, Olivia Newton-John, Georgie Fame, Boy George, *NSYNC, Jude, Rod Stewart, Crystal Gayle, Nicole Scherzinger, Chrissie Hynde, Greg London, Edison Lighthouse, Hernaldo Zuniga, Aiza Seguerra, Vanessa Hudgens og Boyzone. Sjølv om songen ofte vert mistolka som ein kjærleikssong, skreiv Gates songen som ei hyllest til faren, då faren døydde.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads