Evesham
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Evesham er ein by i grevskapet Worcestershire i England. Han har kring 22 500 innbyggjarar og ligg om lag midt mellom Worcester, Cheltenham og Stratford-upon-Avon. Evesham ligg i Vale of Evesham, eit område som består av flaumsletta til elva Avon, som ein gong var eit stort senter for hagebruk. Byen er ofte råka av flaum. Flaumen i 2007 var den verste i historisk tid.
Byen vart grunnlagd tidleg på 700-talet kring eit kloster, som ein gong var det største i Europa. Klosteret vart øydelagd under oppløysinga av klostera og berre klokketårnet står att. På 1200-talet vart ein av to slag under den andre baronkrigen i England utkjempa nær byen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Evesham» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads