Expresso Love

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Expresso Love» er ein song skriven av Mark Knopfler for Dire Straits på det tredje albumet deira, Making Movies i 1980. Det er ein av dei tyngre songane deira med eit forvrengd gitarriff, som vart brukt om att frå ein song dei ikkje brukte, kalla «Making Movies».[1] Eit piano spelar melodien gjennom heile songen. Songen er i røynda ein kjærleikssong. «Expresso Love» refererer til ein tidlegare Dire Straits-song, «Wild West End» frå debutalbumet deira, med linja «Hey mister, you wanna take a walk in the wild west end sometime?»

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen var ein av fire songar frå Making Movies som vart spelt på turneane etter Love over Gold og Brothers in Arms, og eit konsertopptak vart gjeven ut på Alchemy.

I 1984 vart konsertversjonen frå Alchemy gjeven ut som ein singel med Alchemy-utgåva av «Two Young Lovers»,[2] og songen vart seinare gjeven ut på B-sida til singelen «The Bug».

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads