Følblom

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Følblom
Remove ads

Følblom (Leontodon autumnalis) er ein art i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.

Kjappe fakta

Planten vert kring 15 cm høg og har smale bukttagga eller oftast buktfinna snaue rosettblad. Han har snautt skaft, som øvst under korgene er tjukkare og ofte med nokre smale bladskjel. Korgdekkblada kan vere med eller utan hår. Følblomen har gule kroner, dei ytre kronene har raud stripe på undersida. Han har berre fjørstrålar i fnokken.

Følblom er ein omskifteleg art. Han blomstrar kring juli månad i beitemark og på vegkantar. Han er vanleg gjennom heile Noreg og er funnen opp til 1600 meter over havet i Jotunheimen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads