Freie Demokratische Partei

From Wikipedia, the free encyclopedia

Freie Demokratische Partei
Remove ads

Freie Demokratische Partei (FDP) ('Det frie demokratiske partiet') er eit liberalt politisk parti i Tyskland. Det er medlem av Den liberale internasjonale, og kan soleis sjåast som eit systerparti til Venstre i Noreg. Leiaren, sidan 2013, er Christian Lindner.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...

Partiet var i den tyske forbundsregjeringen frå 1949 til 1956, frå 1961 til 1966, frå 1969 til 1998 og frå oktober 2009 til 2013.

FDP var representert i Forbundsdagen ved alle val frå det første i 1949 til 2009. Ved valet i 2013 klarte partiet ikkje å overskride sperregrensen på 5% landsdekkjande oppslutning og falle dermed ut av Forbundsdagen. Det same skjedde ved valet i Bayern ei veke tidlegare.

Partiet er meir marknadsliberalt orientert enn sitt norske søsterparti. Det er svært positivt til EU og går inn for tettare europeisk integrasjon og felles utanriks- og tryggjingspolitikk.

Partiet si ungdomsrørsle heiter Junge Liberale (Julis).

Remove ads

Historie

FDP har røtene sine i tidlegare liberale parti i tysk historie. Under Weimar-republikken i mellomkrigstida eksisterte mellom anna dei to partia Deutsche Demokratische Partei (Det tyske demokratiske partiet) og Deutsche Volkspartei (Det tyske folkepartiet). Desse partia oppløyste seg under press frå nazistane i 1933. Etter den andre verdskrigen vart fleire liberale parti grunnlagde i den vestlege okkupasjonssona av Tyskland. Die Freie Demokratische Partei vart grunnlagd 11. desember 1948 i Heppenheim an der Bergstraße, som ei samanslutning av alle liberale parti i den vestlege okkupasjonssona. Første formann var Theodor Heuss. Staden for partigrunnleggjinga vart vald, fordi det 10. oktober 1847 fann stad eit møte der i forkant av den liberale marsrevolusjonen i 1848. Ved dei første forbundsdagsvala i Vest-Tyskland 14. august 1949 fekk partiet 11,9 % av røystene. I september same år vart partileiaren Theodor Heuss vald til den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland (BRD).

FDP har delteke i koalisjonsregjeringar med begge dei to store partia i Tyskland, det konservative CDU og det sosialdemokratiske SPD. Til saman har det site i forbundsregjeringa i 45 år, men alltid som det minste partiet i ei koalisjonsregjering. Oppslutninga ved forbundsdagsval har stort sett lege rundt 10 %. Partiet hadde forbundspresidenten frå 1949 - 1959 (Theodor Heuss) og frå 1974 - 1979 (Walter Scheel).

Partileiarar frå 1948

  • Theodor Heuss 1948-1949
  • Franz Blücher 1949-1954
  • Thomas Dehler 1954-1957
  • Reinhold Maier 1957-1960
  • Erich Mende 1960-1968
  • Walter Scheel 1968-1974
  • Hans-Dietrich Genscher 1974-1985
  • Martin Bangemann 1985-1988
  • Otto Graf Lambsdorff 1988-1993
  • Klaus Kinkel 1993-1995
  • Wolfgang Gerhardt 1995-2001
  • Guido Westerwelle 2001-2011
  • Philipp Rösler 2011-2013
  • Christian Lindner sidan 2013

Valresultat

Meir informasjon Årstal, Prosent av røystene ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads