Guido Westerwelle
tysk politikar (FDP) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guido Westerwelle (27. desember 1961–18. mars 2016) var ein tysk jurist og politikar frå Bad Honnef. Han var utanriksminister i Tyskland 2009-13.
Westerwelle var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1996 til 2013. Frå 2001 var han formann i FDP. I 2009 gjorde partiet eit historisk godt forbundsval og danna regjering i lag med CDU. Westerwelle tok posten som utanriksmister og var samstundes visekanslar for forbundskanslar Angela Merkel. Våren 2011 trekte han seg som formann i FDP og frå stillinga som visekanslar, etter å ha fått mykje kritikk for handsaminga av ei rekke saker. Westerwelle heldt fram som utanriksminister til forbundsvalet i 2013.
Han døydde av blodkreft.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Guido Westerwelle» frå Wikipedia på tysk, den 17. februar 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads