Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS: engelsk International Ski and Snowboard Federation, fransk Fédération internationale de ski et de snowboard) er verdsorganisasjonen for i fremste rekke alpin skisport og nordisk skisport. Organisasjonen vart skipa 2. februar 1924 i Chamonix, 14 nasjonale skiforbund var med på skipinga. I 2022 vart nemninga snøbrett teke med i det offisielle namnet på organisasjonen.[1][2]
Remove ads
Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet har i 2022 i alt 135 medlemsland.[3] Hovudkontoret ligg i Oberhofen am Thunersee i kantonen Bern i Sveits. Organisasjonen har tre offisielle språk; engelsk, fransk og tysk.
Remove ads
Historie
FIS vart skipa under den internasjonale skisportsveka i Chamonix vinteren 1924, seinare anerkjent som dei 1. olympiske vinterleikane. Skipinga av FIS var ei vidareføring av den internasjonale skikommisjonen (CIS) som hadde kome saman i Kristania vinteren 1910 og som i 1911 vedtok regelverk for dei ulike tevlingane innan nordiske greiner. Alpine greiner kom med i Det internasjonale skiforbundet i 1930. Sidan 1965 har ein teke med fleire særgreiner, fyrst speedski, seinare freestyle-ski (1977), grasski, rulleski og snøbrett (begge 1994).
Presidentar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads