Fabian Rießle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fabian Rießle (fødd 18. desember 1990) er ein tysk kombinertrennar frå St. Märgen i delstaten Baden-Württemberg. Åra 2014-19 vann han fire OL-medaljar og like VM-medaljar i øvinga. Både i 2015 og 2017 var han med i dei tyske mannskapa som vann lagtevlinga i verdsmeisterskapen, sameleis under Vinter-OL 2018. Under Ski-VM 2019 gjekk han, i spann med Eric Frenzel, inn til gull i tomannstevlinga. I individuelle tevlingar vann Rießle ein bronse i Vinter-OL 2014 og ein sølv i Vinter-OL 2018. Frå desember 2015 til mars 2018 sigra han i 9 individuelle renn i verdscupen i kombinert.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fabian Rießle» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads