Fagerklokke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fagerklokke (Campanula persicifolia) er ein fleirårig opptil 30-80 cm høg plante i klokkeslekta i klokkefamilien.
Blåklokka har smale grunnblad, som vert danna det første leveåret til planten, og linjeforma stengelblad. Stengelen er snau og ugreina med få kortskafta blomstar. Blomstrane er blå og breitt klokkeforma. Kvite blomstrar finst òg. Frøkapslane er opprette og håra, med djupe groper.

Fagerklokke veks i open skog og på tørre bakkar.
I Noreg er fagerklokka nokså vanleg på Søraustlandet, i området frå Østfold til Mandal og nord til Elverum. Han er òg innført og forvilla i Stavanger og Randaberg, Fauske og Bodø, Sør-Varanger. Elles veks han i Europa og Vest-Asia.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads