Fauske
tettstad i Fauske kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fauske (lulesamisk Fuossko, pitesamisk Fuassko) er ein by og administrasjonssenteret i Fauske kommune i Nordland. Byen har 6 439 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg inst i Fauskevika, ein arm av Skjerstadfjorden.
Fauske er eit kommunikasjonssenter med stasjon på Nordlandsbanen og utgangspunkt for Nord-, og Norgebussen til Kirkenes. Frå E 6 i Fauske fører riksveg 80 vestover til Bodø, og på Finneid lengst aust i tettstedet fører fylkesveg 830 austover til Sulitjelma. Fauske fungerer som servicesenter for Indre Salten. I Fauske er det variert industri, mellom anna bearbeiding av stein (marmor).
I byen ligg Fauske bygdetun, ein del av Nordlandsmuseet, Fauske kyrkje, som er ei langkyrkje i tre frå 1867, Fauske vidaregåande skole og Fagskolen i Fauske som gir tilbod innan bergverksdrift og tunnelarbeid.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- «Fauske – tettstedet». Store norske leksikon. 12. juni 2016. Henta 20. februar 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads