Faina Melnik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Faina Melnik
Remove ads

Faina Grigorjevna Melnik (6. september 194516. desember 2016) var ein sovjetisk-ukrainsk friidrettsutøvar frå Bakota i Ukraina som deltok i diskoskast, og sjeldnare, i kulestøyt. I tida 1971-74 vann ho to EM-gull og eitt OL-gull i diskosøvinga. Ho tevla for Sovjetunionen.

Kjappe fakta
Thumb
Faina Melnik i 1972
Remove ads

Aktiv

I europameisterskapen 1971 i Helsingfors vann Melnik gullmedaljen i diskos med ny verdsrekord på 64,22 meter, meir enn to meter lengre enn det sølvmedaljøren Liesel Westermann frå Vest-Tyskland oppnådde. Føre dei olympiske sommarleikane 1972 i München hadde Melnik forbetra verdsrekorden til 65,48 meter under eit stemne i Augsburg i slutten av juni. Den 4. august 1972 forlenga ho rekorden til 66,76 meter i Moskva. Under OL i München vann ho etter eit vinnarkast på heile 66,62 m, halvtanna meter føre Argentina Menis frå Romania. I 1973 gjekk Melnik til topps i øvinga under universiaden med sluttresultatet 64,54 meter.

Melnik slengde diskosen heile 69,00 m då ho i 1974 forsvarte EM-tittelen i diskos under europameisterskapen i Roma, sølvvinnar Menis stoppa på 64,62 meter. Under sommarleikane 1976 i Montreal hamna Melnik på fjerdeplassen i diskosøvinga med 66,40 meter. Tre dagar seinare deltok ho i kulestøyt og vart nummer ti med 18,07 meter.

Etter 62,30 m i diskosfinalen under EM i friidrett 1978 vart ho nummer fem i øvinga. Ho mislukkast i å kvalifiserere seg til finalen då ho deltok i diskoskasting under Sommar-OL 1980 i Moskva.

Mellom 1971 og 1976 sette Melnik 11 verdsrekordar i diskoskast. Den siste vart målt til 70,50 m. Ho var elles den fyrste kvinna som slengde ein diskos over 70 meter.

Melnik var 1977-79 gift med diskoskastaren Velko Velev frå Bulgaria.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads