Fairouzeh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fairouzeh (arabisk: فيروزه) er ein landsby nær byen Homs. Han ligg 5 km søraust for Homs. På grunn av den urbane utviklinga i området vert Fairouzeh, som den nærliggande Zaydal, i dag rekna som ein forstad til Homs. I 2004 hadde han eit folketal på6 456.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg etniske assyrarar.[2]
Remove ads
Etymologi
Opphavleg til namnet «Fairouzeh» er omdiskutert. Mange meiner at det kjem frå ordet fayruz, som tyder «turkis» på syrisk, ein dialekt av arameisk språk som framleis vert nytta av folk i kyrkja si. Den turkise fargen syner til grønfargen i det omliggande landskapet. Andre historikarar meiner at namnet kjem frå Gamletestamentet der det kan vere byen kalla «Berothah» (2. Samuelsboka, 8:8).
Gamle Fairouzeh
Dei fleste innbyggjarane i landsbyen var bønder. Dei fleste eigde nok land til å dyrke kveite, bygg, linser, oliventre og vindruer. Nesten alle familiane heldt sauer, geiter og høner. Dei opphavlege bøndene hadde òg hestar, eslar og kyr.
Vatn fekk dei frå djupe brunnar (18 til 20 meter). Dei to mest kjende brunnane (Jub) var Jub Hamza og Jub Jaaber. Utan desse to brunnane hadde det ikkje vore mogeleg å leve i Fayruzah. Jub Hamza står framleis midt i landsbyen som eit monument for framtidige generasjonar.

Remove ads
Dagens Fairouzeh
Frå slutten av fyrste verdskrigen fram til etter 1960-åra, flytta mange innbyggjarar i Fayruzah til Sør-Amerika og USA, der dei søkte betre levevilkår. I dag bur det samfunn med folk frå Fairouzeh i Los Angeles, Detroit, Jacksonville og Miami.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads