Falklandstraumen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Falklandstraumen er ein kald havstraum som flyt nordover langs kysten av Atlanterhavet utanfor Patagonia så langt nord som til munningen av Río de la Plata, der han møter den varme Brasilstraumen ved 35-40 ºS. Straumen følgjer vassrørsla frå Vestavindsstraumen når denne rundar Kapp Horn og fører antarktiske isfjell nordover, stundom heilt nord til 35 ºS. Slik sett er han eit motstykke til Labradorstraumen i Nord-Atlanteren.
Straumen er kalla opp etter Falklandsøyane.
Remove ads
Kjelder
- «Falklandstrømmen» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads