Fantomøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fantomøy
Remove ads

Ei fantomøy er ei øy som ein trudde eksisterte og som var teikna inn på tidlege kart (stundom i fleire hundreår), men som seinare vart fjerna då det vart påvist at ho ikkje eksisterte likevel. I motsetnad er tapte land øyar eller kontinent som mange meiner har eksistert i førhistoria, ofte knytte til gamle myter og segner.

Thumb
Zenokartet frå 1558 viser Frisland – ei fantomøy i Nord-Atlanteren

Fantomøyane vart vanlegvis rapporterte av tidlege sjømenn som utforska nye område. Enkelte av desse øyane var faktiske øyar, men som vart rapportert som nye øyar fordi ein ikkje visste nøyaktig kvar ein var. Pepysøya var til dømes eigenleg ei forveksling av Falklandsøyane. Thule vart kanskje oppdaga på 300-talet, men vart ikkje funne att. Seinare vart ho identifisert av gamle oppdagarar og geografar som Shetland, Island, Skandinavia eller som ikkje-eksisterande.

Andre fantomøyar har truleg vorte «observert» på grunn av navigasjonsfeil, mistolking av isfjell og tåkebankar eller optiske illusjonar.

Enkelte «feilaktige» observasjonar kan ha vore gjort med hensikt. Phelipeaux- og Pontchartrainøyane som i mange år var teikna inn på tidleg kart over Lake Superior vart kalla opp etter Louis Phélypeaux, marquis de La Vrilliere, comte de Pontchartrain. Phélypeaux var ein minister som prøvde å skaffe midlar til oppdagingsferder.

Mange fantomøyar har aldri eksistert, men eit par, som til dømes Thompsonøya, kan ha eksistert før dei vart øydelagde av vulkanske eksplosjonar, jordskjelv eller undersjøiske ras, eller dei kan ha vore lågtliggande øyar, som sandbankar som ikkje lenger stikk opp av havoverflata.

Remove ads

Kjelder

Remove ads

Sjå òg

  • Tapte byar
  • Mytiske stader
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads