Far from Home av Traffic
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Far From Home er det åttande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1994. Det var òg det første albumet deira på tjue år, etter When the Eagle Flies i 1974. Det vart spelt inn i eit stort hus kalla Woodstock, utafor Kilcoole sør for Dublin, og miksa i Chateau Miraval i Correns i Sør-Frankrike.
Albumet nådde 29. plassen på UK Albums Chart, der det låg i fire veker og vart det mest suksessrike albumet til Traffic i heimlandet sidan John Barleycorn Must Die i 1970.[3] I Tyskland fekk bandet to mindre hittar («Here Comes a Man» og «Some Kinda Woman»)[4] og nådde 22. plassen på lista der.[5] Det klarte òg å nå 33. plassen på den amerikanske Billboard-lista.[6]
Songen «State of Grace» var skriven av Steve Winwood og Jim Capaldi som ein solosong for Jim Capaldi, men då Traffic uventa vart sameina, valde dei å bruke songen på Far from Home i staden for.[7]
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Steve Winwood og Jim Capaldi, utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- Steve Winwood – orgel, piano, synthesizers, solovokal (alle spor), korvokal (8), sologitar, bass, programmering, fløyte, saksofon (6), conga (9), timbales (1),
- Jim Capaldi – trommer, korvokal (4, 6, 7), perkusjon, kunstnarisk leiar
Andre medverkande
- Davy Spillane - sekkepiper (5)
- Mick Dolan - rytmegitar (4), AKAI S1000-programmering, lydteknikar og miksing
- Karim Benzezour - mikseassistent
- Tim Young - mastering (i Metropolis, London)
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads