Fast stoff
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fast stoff er ein aggregattilstand som både har fast form og fast volum. I eit fast stoff er molekyla pakka tett saman og har faste plassar i høve til kvarandre. Stoffet blir hardt og lite bøyeleg.
Aggregattilstandar |

Innan kjemien og fysikken brukar ein å skriva (s), kort for solid, for å visa at eit stoff er i fast form. H2O(s) viser til dømes til vatn i fast form, det vil seia is.
Form

Stoff i fast tilstand kan ha ulike strukturar, til dømes krystallform.
Ofte vil den ordna strukturen innehalda tomrom som gjer at det faste stoffet har lågare massetettleik enn væskeforma av stoffet. Dette gjeld til dømes snø og is. Det lettaste faste stoffet skapt av menneske er aerogel. Dette har tettleiken 1,9 mg per cm³, eller 526,3 gonger mindre enn vatn.
Kjelder
stoff «fast stoff» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.