Fastkjevefisk
fiskeorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fastkjevefisk er ein orden beinfisk som omfattar omkring 360 artar i tropisk og temperert vatn. Dei fleste heldt til ved korallrev, men somme artar finst òg i elveos eller lever pelagisk. Gruppa er evolusjonært sett relativt gamal, om lag 40 millionar år, og har ingen nære slektningar i dag.
I Noreg er èin art registrert, månefisk.
Remove ads
Kjenneteikn
Fastkjevefisk er ofte særs ulike frå den vanlege fiskekroppsbygnaden. Det er stor variasjon mellom dei ulike fiskane i gruppa, men dei har til felles at dei har fått mange av knoklane i kraniet sterkt redusert eller fjerna heilt.
Gruppa manglar skjel i tradisjonell forstand, sjølv om mange artar har fått dei omdanna til piggar, plater eller skjold. Bortsett frå månefiskfamilien har dei symjeblære.
Remove ads
Kjelder
- Jonsson, Bror: «Månefisk» i Norges dyr - fiskene 2, Cappelen 1992
- FishBase
Bakgrunnsstoff
- (no) fastkjevefisk hos Artsdatabanken
- (en) fastkjevefisk – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) fastkjevefisk i Catalogue of Life
- (en) fastkjevefisk i Encyclopedia of Life
- (en) fastkjevefisk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) fastkjevefisk hos Dyntaxa
- (en) fastkjevefisk hos Fossilworks
- (en) fastkjevefisk hos ITIS
- (en) fastkjevefisk hos NCBI
- (en) Kategori:Tetraodontiformes – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Tetraodontiformes – detaljert informasjon på Wikispecies
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads