Sulitjelma

tettstad i Fauske i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia

Sulitjelma
Remove ads

Sulitjelma (pitesamisk Sulisjælbmá eller Sulidælbmá, lulesamisk Sulisjielmmá, svensk Sulitelma, populært kalla «Sulis») er ein tettstad i Fauske kommune i Nordland. Sulitjelma har vegsamband til Fauske.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Namnet Sulitjelma er av pitesamisk opphav, med uklar tyding. Ei mogleg tolking er «terskelen til øyane», ei anna er «Sola sitt auga».

Remove ads

Historie

Arkeologiske funn syner at Sulitjelma i meir enn tusen år har vore eit samisk område. Sommarbeite for tamrein er dokumentert attende til slutten av 1500-talet.

Først i 1848 slo dei norske rydningsfamiliane seg ned i Sulitjelma.

Thumb
Frå markeringa av 1. mai i Sulitjelma 1908.
Thumb
Firmamerket til Sulitjelma gruber på slutten av 1800-talet.

I 1858 vart det funne kopar- og svovelkis i området og det vart sett i gang ei avgrensa prøvedrift. Først då den svenske industrimannen Nils Persson i 1887 sikra seg rettane til førekomsten, vart det sett i gang gruvedrift av større omfang. Då undersøkingsarbeidet slo fast at førekomsten var drivverdig, vart Sulitelma aktiebolag etablert i 1891. Etter dette opplevde bedrifta og staden ei nærast eksplosjonsarta utvikling. Allereie tidleg på 1900-talet var gruveselskapet det største bergverket, og den nest største industribedrifta i Noreg .

Gruveselskapet produserte både svovelkis og kopar. På det meste hadde selskapet 1750 tilsette, dette var i 1913.

I 1983 heimfall bergverkskonsesjonen til staten som med det overtok gruvedrifta. Den siste resten av bergverksdrift i Sulitjelma var lagt ned i 1991.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads