Felehovud

From Wikipedia, the free encyclopedia

Felehovud
Remove ads

Felehovud er nemninga på dei unge skota til bregnar som kan brukast til mat.[1] Skota ligg samankrølla i ei spiralform som kan minna om hovudet på ei fele.[2]

Thumb
Felehovud

Felehovud frå ulike bregnetypar blir brukt til mat, men nokre av dei inneheld ein del giftstoff. Desse må i det minste gjennom varmebehandling før dei kan etast, eller ein lèt dei vera.[2]

Thumb
Felehovudskulptur av Jim Boyd i Saint Johni New Brunswick i Canada,
Thumb
Felehovud servert til kylling.
Remove ads

Bregnetypar

Strutseveng (Matteuccia struthiopteris) er rekna som ein trygg bregnevariant å eta felehovud frå, og har vore brukt til mat i Nord-Amerika, Japan og Europa.[1][2] Ein kan også bruka bregnetypar som geittelg (Dryopteris dilatata)[3] og skogburkne (Athyrium filix-femina).[3]

Felehovud av einstape (Pteridium aquilinum) har vore brukt til mat i Japan, Europa[4] og Nord-Amerika, men denne planten inneheld ein del giftstoff - tiaminase, eit enzym som kan gje B-vitaminmangel, prunasin, eit cyanidproduserande glykosid, og ptaquilosid, som kan vera kreftframkallande.[5] Mange unngår derfor å eta dette bregneslaget i dag, eller et berre små mengder.[3]

Remove ads

Tilreiing

Ein plukker rundt fem cm av den samanrulla stengelen tidleg om våren.[1][3] Eventuelle skjel blir fjerna og grønsaken kan så dampast, kokast, steikast eller sauterast. Grønsaken kan også brukast i supper, sausar, gryterettar og på pizza.[3]

Felehovuda held seg ikkje lenge ferske,[6] men dei kan forvellast og deretter frysast.[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads