Festong

From Wikipedia, the free encyclopedia

Festong
Remove ads

Festong (fransk feston, italiensk festone) er ein bogeforma dekorasjon av samanfletta blomar, bladverk, frukter og band. I antikken dekorerte ein ofte tempel og alter med blomsterband. Ein festong etterliknar slike naturlege girlanderar, men er laga i stein, gips, tre, metall eller liknande. Festonger er svært vanlege som dekorasjonslement i empirestil.

Thumb
Festong på kyrkja Santa Maria dei Miracoli i Milano

Festongar som arkitektonisk element blei i stor grad nytta både av dei gamle grekarane og romarane og danna den viktigaste dekorasjonen av alter, friser og panel. Endene av banda er ofte forma til sløyfer eller vridde band, eller det kan henga fleire element nedover frå festepunkta. Dette blir kalla drope eller margent.

Motivet er seinare brukt i klassisistisk og nyklassisistisk arkitektur og kunsthandverk, særleg i keramikk og på sølvgjenstandar. Det finst talrike variasjonar over grunntemaet. Til dømes kan banda hengast frå ein dekorert knute, bli haldne i gapet på løver eller hengast over oksehovud som i VestatempeletForum Romanum.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads