Girlander
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Girlander (frå fransk guirlande, 'krans') er eit dekorasjonselement danna av ei lenke som er bunde saman av blad, blomar, frukter og liknande, eller ei etterlikning av dette. Girlanderar blir ofte hengd opp i bogar (sjå festong). Girlander har vore brukt som utsmykking i klassisistisk kunst og arkitektur sidan antikken.

Frå seint 1700-tal, men særleg frå 1800-talet, finn ein i mange våpenskjold ein girlander på kvar side av hjelmen i staden for eit hjelmklede som elles er vanleg. Kvar girlander kjem då ut eller ned frå hjelmen, går ut til eit punkt eller ein ring på kvar side, og heng ned så langt som til den nedste delen av skjoldet. Ein kan sjå døme på dette i mange segl for privatpersonar og i andre våpenavbildingar, mellom anna i segla på Den norske grunnlova av 17. mai 1814 for Lars Johannes Irgens og Gregers Winther Wulfsberg.
Remove ads
Bilete
- Nederlandsk gravering av ein girlander frå 1548.
- Blomegirlander som rame i eit portett av ei kvinne frå 1600-talet.
- Måla girlander i kyrkja Notre-Dame du Plessis-Gassot i Val-d'Oise.
- Utskoren eikebladgirlander i stein ved Panthéon i Paris.
- Vallokale pynta med girlanderar i Noreg under sjølvstendeavstemminga i 1905.
- Girlander av mangoblad i eit indisk tempel.
- Tillaging av ein 320 meter lang rosegirlander i Uetersen i Tyskland.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads