Fibiar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fibiar (Sayornis) er ei biologisk slekt av små sporvefuglar som er medlemmar av tyrannfamilien (Tyrannidae). Slekta omfattar tre artar med eit samla utbreiingsområde som strekkjer seg frå Alaska og austlege delar av Canada, gjennom Nord- og Mellom-Amerika, og sørover langs Andesfjella i Sør-Amerika til det nordvestlege Argentina.
Remove ads
Etymologi
Det vitskaplege slektsnamnet Sayornis kjem frå artsnamnet Sayornis saya for brunfibi, der epitetet saya er gitt til ære for den amerikanske entomologen Thomas Say (1787–1834). Namnet inneheld også det greske ordet ορνις ornis eller ορνιθος ornithos, som tyder «fugl».[1]
Kjenneteikn
Fuglane i denne slekta er mellomstore tyrannfuglar, med ei kroppslengd mellom 17 og 19 cm. Dei skil seg frå piviane i slekta Contopus ved at dei ofte senkar og spreier stjerten, og frå empidar (Empidonax) ved at dei manglar tydelege vengband og augekantar.
Arten svartfibi, S. nigricans, skil seg tydeleg frå dei to andre med sitt svarte hovud, overside og bryst, medan dei andre to har gråbrun rygg og bleikt bryst.[2]
Dei to nordlegaste artane (gråfibi S. phoebe og brunfibi S. saya) er trekkfuglar som flyttar sørover om vinteren. Dei forlet vinterområda sine tidleg i mars og kjem attende i september–oktober. Desse artane trivst i halvopne habitat og blir ofte observert i nærleiken av menneskeskapte strukturar som bygningar og bruer. Dei finst også ofte, men ikkje alltid nær vatn.[3][1]
Remove ads
Artsoversyn
Slekt Sayornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert alle artane som livskraftige:[6]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads