Fictitious Sports
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nick Mason's Fictitious Sports er debutalbumet til trommeslagaren i Pink Floyd, Nick Mason, som soloartist, utgjeve i mai 1981 i Storbritannia og USA. Dette var det første større arbeidet Mason gjorde utanfor Pink Floyd.[3][4] Det vert av mange rekna som eit Carla Bley-album, sidan ho skreiv alle songane og var medprodusent på albumet.[5] Bortsett frå opningssongen vert albumet sungen av Robert Wyatt.
Remove ads
Innspeling
Albumet vart spelt inn i oktober 1979, men utgjevinga vart forseinka nesten to år.[6]
Nick Mason:
- «Eg lagde mest 'Fictitious Sports' som ei øving. 'Profiles' har meir levetid... det er sterkt nok til å kunne aksepterast som eit 'verkeleg' album.»[7]
- «Opphavleg var det planen at eg måtte dra til Amerika for å lage eit album med all slags songar, men så sende Carla meg ein kassett med ideane hennar. Det var særs forskjellig frå det ho hadde gjort tidlegare og eg var absolutt med på det. Så eg tenkte det ville vere betre å gjere det slik enn å desperat prøve å finne ting som fungerte i lag.[7]»
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Carla Bley
Medverkande
- Nick Mason – trommer, perkusjon, produsent, lydteknikar
- Carla Bley – klaverinstrument, låtskrivar, produsent
- Chris Spedding – gitarar
- Steve Swallow – bassgitar
- Michael Mantler – trompet, lydteknikar
- Robert Wyatt – vokal
- Karen Kraft – vokal på «Can't Get My Motor to Start»
- Gary Windo – tenor/bassklarinett, fløyte, vokal
- Gary Valente – trombone, vokal
- Howard Johnson – tuba
- Terry Adams – piano på «Boo to You Too», munnspel og clavinet på «Can't Get My Motor to Start»
- Carlos Ward – vokal
- D. Sharpe – vokal
- Vincent Chancey – vokal
- Earl McIntyre – vokal
- James Guthrie – lydteknikar
- Hipgnosis – plateomslag
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads