Fidesz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fidesz – Ungarsk borgarunionen (ungarsk Fidesz – Magyar Polgári Szövetség) er eit nasjonalkonservativt og kristelegdemokratisk parti i Ungarn. Partileiaren Viktor Orbán er sidan 2010 statsminister i Ungarn.
Remove ads
Soge
Partiet blei skipa den 30. mars 1988 som eit anti-kommunistisk parti med mål om å tettare integrera Ungarn med resten av Europa, særleg innan økonomi.[1]
Fidesz var frå byrjinga eit liberalt ungdomsparti, tilslutta den liberale internasjonalen. Frå 1994 la partiet seg på ei meir konservativ linje. Fidesz var i ein periode medlem av det europeiske folkepartiet (EPP).[2]
Fidesz var med i ein regjeringskoalisjon frå 1998 til 2002.[3] Partiet tapte valet i 2002 og 2006, men oppnådde heile 52,3 prosent av røystene ved valet i 2010 og heile 263 mandat (av 386) i parlamentet (Országgyűlés). Fidesz hadde dermed to tredjedels majoritet i parlamentet og kan såleis på eiga hand endre konstitusjonen for landet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads