Remove ads

Fighting er det femte studioalbumet til det irske rockebandet Thin Lizzy, gjeve ut i 1975. Etter utgivinga av fire studioalbum, skapte bandet til slutt ein identifiserbar lyd med tvillinggitarane til Scott Gorham og Brian Robertson. Dette lydbiletet trekkjer vekslar frå hardrock, folk, pop og rhythm and blues. Det la grunnlaget for det store kommersielle gjennombrotet til oppfølgjaralbumet Jailbreak. Albumet var òg deira første album på hitlistene i Storbritannia, med ein 60. plass.[1]

Meir informasjon Thin Lizzy-kronologi ...
Remove ads

Songar

Låten «Suicide» vart opphavleg framført av Thin Lizzy då gitaristen Eric Bell framleis var med i bandet, mellom anna på ei BBC-sending spelt inn i juli 1973.[2] Han vart først framført med ein annan tekst under tittelen «Baby's Been Messing», og mangla midtpartiet som finst på Fighting. Ein song som ikkje var på noko album, «Half-Caste», vart gitt ut på B-sida av den originale «Rosalie»-singelen. Eit anna spor som vart spelt inn på Fighting-sesjonane var «Try a Little Harder», som til slutt vart gitt ut på Vagabonds, Kings, Warriors, Angels-boksen i 2002.

Fighting er det einaste andre Thin Lizzy-albumet bortsett frå 1971-debuten der andre bandmedlemmer enn Phil Lynott har skrive enkelte låtar åleine. Bell skreiv «Ray Gun» på debuten, og Robertson og Gorham skreiv høvesvis «Silver Dollar» og «Ballad of a Hard Man».

Europe-gitaristen John Norum spelte inn «Wild One» på solodebutalbumet sitt Total Control.[3] Europe spelte «Suicide» på livealbumet Almost Unplugged frå 2008.[4]

Sjølv om den karakteristiske Thin Lizzy-logoen (designa av Jim Fitzpatrick) ofte vart brukt på samlealbum, varer og som scenekulissar på konsertane til bandet gjennom åra, var dette det einaste studioalbumet til Thin Lizzy som hadde han på omslaget.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra Fighting som eit «anstrengt, opprulla, vondskapsfullt rock & roll-album», som Thin Lizzy byrja nsi klassiske æra med. Han framheva Gorham og Robertson sitt tvillinggitar-samspel og skildra denne besetninga som «vital og visceral», og la til at Lynott hadde gjort eit sprang framover som låtskrivar, «fullt blømande som ein rock & roll-poet». [5] I sin Collector's Guide to Heavy metal kalla Martin Popoff Fighting ein «sjelfull, rørande hardrock-klassikar», der «Robertson og Gorham sine flytande gitarharmoniar blir ein integrert del av Lizzy-soundet, vove inn i sjølve stoffet i arrangementet» og «historiane om fredlause og utstøytte» når «ein ganske grandios, historieomfattande, tragisk skala.»[6].

«Eg var ein Lizzy-fan,» hugsa Sounds-skribenten og framtidig Kerrang!-grunnleggjar Geoff Barton, «men Fighting heldt ikkje mål for meg på den tida. Den andre plata til bandet med den nye besetninga med to gitarar er eit adekvat rockealbum, ikkje meir, skreiv eg. «Denne lid av det velkjende Lizzy-studio-trekket: mangel på ekte energi eller aggresjon. Månaden etter gjekk eg for å sjå Lizzy live ... Omtrent halvvegs i showet gjekk Phil inn i litt av ein diatribe mot rockekritikarar, og eg lurte på om han visste at eg var i publikum. Det viste seg at han gjorde det! På slutten av monologen trekte Phil berre litt på skuldrene og sa, med eit skeivt smil om munnen: «Men, same kva, denne neste songen er for Geoff Barton: Still in Love with You». Det var nok den mest audmjuke augneblinken i heile karrieren min.»[7]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Ommastra utgåve

Ei ommastra luksusutgåva på ei dobbelplate av Fighting kom ut 12. mars 2012.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Singlar

  • «Rosalie» / «Half Caste» – 27. juni 1975
  • «Wild One» / «For Those Who Love to Live» – 17. oktober 1975
I USA og Canada, «Wild One» vart gjeven ut med «Freedom Song» som B-side, og i Hellas med «Rosalie» som B-side.

Medverkande

Thin Lizzy
Andre medverkande
  • Roger Chapman (frå Family) – korvokal på «Rosalie»
  • Ian McLagan (frå Faces) – piano på «Rosalie» og «Silver Dollar»
Produksjon
  • Keith Harwood – lydteknikar og miksing
  • Jeremy Gee – assisterande lydteknikar
  • Gilbert Kong – mastering
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads