King George Island

From Wikipedia, the free encyclopedia

King George Island
Remove ads

King George Island (Argentina: Isla 25 de Mayo, Chile: Isla Rey Jorge, russisk Vaterloo (Waterloo)) er den største av Sør-Shetlandsøyane og ligg 120 km utanfor kysten av Antarktis i Sørishavet. Øya er kalla opp etter kong Georg III. Ho må ikkje forvekslast med King George Island, ei lita folketom øy søraust for Tasmania, eller med George Island i Falklandsøyane.

Kjappe fakta Land, Øygruppe ...
Remove ads

Historie

Øya vart først gjort krav på av Storbritannia den 16. oktober 1819, formelt annektert[1][2][3] av Storbritannia som ein del av Falkland Islands Dependencies i 1908, og er i dag ein del av Britisk Antarktis. Øya vert òg gjort krav på av Chile i 1940, som ein del av Chilensk Antarktis og av Argentina i 1943 som ein del av Argentinsk Antarktis.

Øya vart oppdaga og namngjeven av den britiske oppdagaren William Smith i 1819.[4] Ho er kring 95 km lang og 25 km brei og dekkjer eit areal på 1150 km². Over 90% av øya er permanent dekt av isbrear.[4] I 1821 overvintra 11 mann på selskuta «Lord Melville» overvintra på øya og vart dei første personane som gjorde dette i Antarktis.[5]

Remove ads

Liv på øya

Langs kystområda av øya finn ein forholdsvis mangfaldig vegetasjon og dyreliv, som elefantsel, weddellsel og leopardsel, og ringpingvin og bøylepingvin.

Menneskeleg aktivitet

Thumb
King George Island er ein av dei mest forureina stadane i Antarktis.

På King George Island finn ein forskingsstasjonar som høyrer til Argentina, Brasil, Chile, China, Ecuador, Sør-Korea, Peru, Polen, Russland og Uruguay. Dei fleste av stasjonane er permanent busette, og utfører forsking på område så forskjellig som biologi, økologi, geologi og palaeontologi. Teniente Marsh, den chilenske stasjonen på Fildes Peninsula, vert driven som ein permanent landsby med ei flystripe, ein bank, eit postkontor og små familiehus med born. Chile (som Argentina og Storbritannia) reknar heile Den antarktiske halvøya og Sør-Shetlandsøyane som ein del av området til landet, men i følgje vilkåra i Antarktistraktaten kan Chile berre drive stasjonane på Fildes Peninsula utan å forfølgje territorialkrava sine.[6]

I 2004 opna ei russisk-ortodoks kyrkje, Treeiningskyrkja, på øya nær den russiske Bellingshausen Station. Kyrkja er ei av dei sørlegaste i verda og ein av få permanent strukturar i Antarktis som er permanent bemanna av ein prest.

Det finst nokre spesialiserte turistaktivitetar her kvar sommar, som ein årleg maraton, kjend som Antarktis maraton.

Fildes Peninsula er 7 km lang og utgjer den sørvestlegaste delen av øya.

Arctowski fyr ved Arctowski Station er den sørlegaste fyrstasjonen i verda.[7]

Remove ads

Sjå òg

Thumb
Chilensk base Frei og russiske Bellingshausen (til høgre)

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads