Filfla

From Wikipedia, the free encyclopedia

Filfla
Remove ads

Filfla er ei lita, aude og ufruktbar øy 5 km sør for Malta. Ho er den sørlegaste øya i Dei maltesiske øyane.

Thumb
Filfla i horisonten.
Thumb
Filfla på Maltakartet

Øya har ein flatevidd på 60.000 m² og er bygd opp av eit smuldrande kalksteinsplatå med 60 meter høge klipper ut mot havet. Det finst ingen busette på øya, og det einaste bygget ein kjenner til er eit kapell bygd inni ei grotte i 1343. Kapellet blei øydelagd i eit jordskjelv i 1856 som også førte til at delar av øya sokk.

Fram til 1971 brukte den britiske hæren Filfla til skyteøvingar. I 1980 blei ho eit fuglereservat, og i 1988 blei fisking innan ei nautisk mil utanfor øya forbode på grunn av faren frå udetonert skyts.

Namnet på øya kjem frå det arabiske ordet filfel, som tyder peparkorn.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads