Finn Ludt
norsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Finn Ludt (fødd 16. november 1918 i Fana utanfor Bergen, død 13. august 1992) var ein norsk komponist og pianist.
Som tonesetjar og komponist var Finn Ludt uvanleg produktiv. Han skreiv teatermusikk, blant anna til musikalversjonen av Alf Prøysen sin Trost i taklampa i 1963 og Arnljot Eggens politiske Pendlerne i 1972, ballettar og romansar, men vart særleg kjent for ei rekkje svært populære barnesongar og viser. Han skreiv til saman fleire hundre songar og musikk til blant anna 70 høyrespel.
Finn Ludt var òg musikkritikar i Morgenbladet, der han byrja i 1946.
I 1982 fekk han Alf Prøysens Ærespris
Remove ads
Kjende visemelodiar (utval)
- «Blåklokkevikua», tekst av Alf Prøysen
- «Lillebrors vise», tekst av Alf Prøysen
- «Blåbærtur'n», tekst av Alf Prøysen
- «Vandringsvise», tekst av Einar Skjæraasen
- «Danse mi vise, gråte min sang», tekst av Einar Skjæraasen
- «Hildringstimen», tekst av Erik Bye
- «Vår Herres klinkekule», tekst av Erik Bye
- «Skigardsvise», tekst av Stanley Jacobsen
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Finn Ludt» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Biografi i Norsk pop- og rockleksikon frå 2005
- Liste over Finn Ludts bidrag til Nationaltheatret Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Radiointervju 1989
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads