Finnkval
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Finnkval, tuvekval eller langarm, Balaenoptera physalus, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Finnkvalen finst i alle verdshava, men er sjeldan i tropiske farvatn. Det vert somme tider skrive at han, i motsetning til andre store bardekvalar, et mykje fisk, men forskinga viser at også finnkvalen i all hovudsak lever av krill, sjølv om han også kan eta fisk.
Finnkvalen var truleg for vanskeleg å fanga før den moderne kvalfangsten med moderne harpunkanoner tok til. På 1900-talet vart bestanden sterkt redusert over heile verda. Det vert no driven ein viss fangst av finnkval på Grønland og Island, og Japan har planar om å starta fangst på finnkval i antarktiske farvatn.[1] I norske farvatn er bestanden om lag 5400 dyr, og er i vekst mot nivået han låg på før fangsten begynte.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads